Gjenbruk av Offentleg Informasjon |
Nasjonalt møte i regi av eContentplus initiativet ePSIplus i samarbeid med Asplan Viak Internet as
Vinderen Konferansesenter, Oslo, 16. Januar 2009
Gjenbruk av offentleg informasjon kan danne grunnlaget for omfattande verdiskaping innan privat sektor - samt betre tenester frå offentleg sektor. Prosjektet ePSIplus har gjennom dei siste åra freista å lage eit oversyn over korleis offentleg informasjon vert gjenbrukt i Europa. Ein lekk i dette arbeidet er å arrangere nasjonale møte der nøkkelspelarar innan implementeringa offentleg informasjon kjem saman og presenterar sine mål, strategiar og tankar om gjenbruksdirektivet.
Dette møtet har til føremål å belyse situasjonen i Noreg og samanlikne denne med korleis ting har vore gjort andre stader i Europa. Møtet vil vere til nytte og inspirasjon for både leverandørar og gjenbrukarar av offentleg informasjon.
Innleiarar inkluderar representantar frå Fornyings og Administrasjonsdepartementet og Direktoratet for Forvaltning og IKT (politikk og rammeverk), Norsk Eiendomsinformasjon (geografisk informasjon), ABM-Utvikling (kulturinformasjon), Statistisk Sentralbyrå (statistikk).
Programmet for møtet kan lastast ned her: program for møte om gjenbruk av offentleg informasjon. (Adobe PDF, < 100Kb)
Mindre endringar kan førkome i høve programmet.
Møtet er no avslutta og vi takkar for deltakinga frå dei som møtte fram og tok del i diskusjonane.
Her kan du laste ned presentasjonar frå møtet
- 01 - (Stein) Runar Bergheim - Asplan Viak Internet as - Introduksjon - ePSIplus - 16012009.ppt
- 02 - Rob Davies - ePSIplus - 16012009.ppt
- 03 - Mette Bredengen - Fornyings og Administrasjonsdepartementet - ePSIplus - 16012009.ppt
- 04 - Tom Slungaard - Norsk Eiendomsinformasjon - ePSIplus - 16012009.ppt
- 05 - Tone Moseid - ABM-U - ePSIplus - 16012009.ppt
- 06 - Per Olav Løvbak - Statistisk Sentralbyrå - ePSIplus - 16012009.ppt
- 07 - Steinar Skagemo - DIFI - ePSIplus - 16012009.ppt
- 08 - Heather Broomfield - Innovasjon Norge - ePSIplus - 16012009.ppt
- 09 - (Stein) Runar Bergheim - Asplan Viak Internet as - Geoinformasjon - ePSIplus - 16012009.ppt
- 10 - Michael Borge - TellUs AS - ePSIplus - 16012009.ppt
Det vil bli utarbeidd ei tilråding for vidare arbeid på området med utgangspunkt i resultata frå møtet.
Takk for frammøtet! |